søndag 28. september 2008

Motvind

Mykje har skjedd sidan sist innlegg, mykje for mykje. Livet til oss menneske på jorda er ikkje ulikt livet til vareheisen på IKEA, det går både opp og ned. Nokre gongar i livet opplever ein motgang, trasige ting som hender. Trua vert lett sett på prøve då, kvifor hender dette meg!? Om Gud er god, burde han ikkje då sørja for at me hadde det godt heile tida? Dette er spørsmål menneske har stilt seg sidan tidenes morgon. Det er lett å tru når alt går bra, når livet er på topp, då plar det ikkje vera noko stort problem med å halda på gudstrua, alt me kan gjera er å takka. Så kjem dei mørke dagane. Alt er vanskelig. Kvar er Gud då, kjære ven?
I Bibelen møter me ein velståande og gudfryktig mann ved navn Job. Han gjorde vel i livet sitt og vart lønna for det. satan meinte Job berre trudde på Gud pga. fordelane han fekk av det. Då gjorde Gud noko uvanleg. Han lot Anklagaren(satan) prøva trua til Job, på det vilkår at han sparte Job sitt liv. Job mister alt, og får byller på kroppen, venane anklager han for å ha synda sidan han fortjener å lida slik. Men Job seier imot dette. Det heile ender med at Gud gjev seg til kjenne, snakkar til venane, men også Job. Kvifor? Fordi Job sitt syn på Gud var mykje mindre enn det burde. Kanskje har me noko å læra av Job. Jobs bok svarar ikkje direkte på kvifor menneske må lida og ha det vanskelig. Lidelsen kjem heller ikkje frå Gud, men Gud er så stor at han kan bruka lidelsen til noko godt. Når me møter motgong så kan det sjå svart ut mange stunder, og der og då er ting verkeleg vanskelig, ja det kan tilogmed ver vanskelig å tru på vår gode Gud. Men Gud er der verkeleg, trass i tvilen, han støter oss ikkje bort. Han snur heller motgangen og lidelsen til noko som kan gagna oss, på eit eller anna vis. Han gjev oss livserfaring.

Men uansett kor mykje mørke og liding som møter oss i livet so burde me hugsa på det mørket som la seg over Jerusalem ein fredagsettermiddag for 2000 år sidan. Der hang ein mann som var forlatt av alle, tilogmed far sin. Uskuldig var han, men lidelsen var større enn noko eit menneske før eller etter han har gått igjennom. Lidelsen gjorde han for å sletta ut den største forskjellen på Han og oss; synda. Han bar alle mennesker sin elendighet og synd til det korset, for oss, for deg, for meg, for alle. Amen.


Jesus, det eneste,
helligste, reneste
navn som på menneskelepper er lagt!
Fylde av herlighet,f
ylde av kjærlighet,
fylde av nåde og sannhet og makt!

Motganger møter meg -
aldri du støter meg
bort fra din hellige, mektige favn.
Mennesker glemmer meg,
Herre, du gjemmer meg
fast ved ditt hjerte og nevner mitt navn.

Herre, du høre meg,
Herre, du føre meg
hvordan og hvorhen det tjener meg best!
Gi meg å bøye meg,
lær meg å føye meg
etter din vilje mens her jeg er gjest!

Du er den eneste,
helligste, reneste,
gi meg ditt rene og hellige sinn!
Frels meg av snarene,
fri meg fra farene,
ta meg til sist i din herlighet inn!

NoS 423

4 kommentarer:

Anonym sa...

Amen, Pater. Endelig et innlegg, og for et innlegg! Varmer hjerteroten min.

Lukter jeg skolekor?

Ambessa sa...

Innlegg=Mat for sjelen...

Jon sa...

Wow, den sangen er så sykt bra. DU har blogg, konge. Skal liste deg på bloggen min jeg. :)

Reidun R sa...

Eg visste ikkje at du også hadde blogg, kult!
Var et utrolig bra innlegg, trengte det virkelig:)