torsdag 31. januar 2008

Alarmen går...

Eller, ikkje alarmen nett, men røykvarslaren! Detta e nemleg nasjonal dag for test/byte av batteriet i røykvarslaren... Refleks og røykvarslar redde liv seie dei.
Vel, da kan so henda, men etter det eg forstår så kjem eg aldri til å døy uansett!
I Johannes 11.25 seier nemleg Jesus " Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg skal leve om han enn døyr."
Hmm, døden. Kven fryktar ikkje døden? Vel, det finnst faktisk ein god gjeng, som i teorien ihvertfall ikkje skal frykta døden, for døden er overvunne!
OK, røykvarslaren og refleksvesten var vel gjerne ikkje dei beste eksempla å koma med. Hadde vel fått korreksbrev frå vegvesenet og brannvesenet og alle slags vesen om eg hadde sagt slik offentleg(nei, min blogg kan vel ikkje kallast offentleg, trass i at den har visse likhetstrekk som til dømes sein oppdatering)

Men, uansett! Ein dag vil alarmen gå, eller basuar lyde frå himmelen... det er erkeengelen som bles i den, og dei som kjenner Kristus skal då "rykkast i sky". Det er ingen som veit korti dette skjer. Herrens dag kjem som ein tjuv om nattå står da skrive, og i Openberringa står det; "Sjå eg kjem snart!" Det er Jesus som talar. Siste gong han seier dette legg Johannes til "Amen, ja kom Herre Jesus, kom". Det var vanleg å avslutte eit kristeleg møte i nokre menigheter med nettopp "kom Herre Jesus". Snakk om frimodighet og fryktlaushet... Dei frykta ikkje døden, for døden var ikkje eit alternativ... Jesus overvann den, og Jesus har nøklane til dødsriket!

Himmel og hav(skal brenne), vår forløsningstime kommer, jeg vil lytte etter lyden av hans trinn; altså lytte etter tidens tegn... Så må kvar og ein stille seg det klassiske spørsmålet då; Er du klar for den dagjen Herren kjem att? Eller som emisærane seier med bevande stemme; Er du reeeede min venn!?

Det blir fint i himmelen, då skal me gå i kvite kapper, og synge lovsang like mektig som havet når bølgene slår... Det vil også bli servert mat, og me kan sole oss i lyset av Lyset!

Dei seie min blogg e einaste som ikkje er blokka i USA, og sidan de vilel ha oppdatering so fekk de da no... eg skal te Radøy den grøne øya i helgo, "dar ingen skulle tru at internett fantes" so ha ei fin helg!