måndag 24. september 2007

Ein spenstig fredag litt utanom det vanlige...


Sist fredag feira me at skulen vår, Danielsen vgs, er 75 år i år... det er svært så fort tida går!?

dagen var fullspekka med underholdning i Tabernaklet, kafè på lærarværelset og i storstugu, pizza servering så mykje me orka, og så videre og vidare!

dagen byrja med frukost på skulen, andakt, navnet jesus og tale ved Hermann Friele i lysgarden, så gjekk me til Tabernaklet for å høyra på filosof Monsen ha kåseri om det å velge... eg va djupt uenig i det ho sa, men i motsetning te resten av dei i salen fekk eg jo med meg ka ho sa! resten sovna halvegs... no var det tilbake til skulen for å få servert vaktmeister Finns potet og pølsestappe(verdas beste, utan tvil) dei spreke sprang vindeltrappa opp og me hadde da kjekt alle samen! Eg hadde foresten ordna meg kone for dagen også, og det var jo kjekt! PÅ foørehand hadde me fått beskjed om å kle oss ut etter temaet " skulen i gamledager", men sjølvsagt turde ikkje meir enn halve skulen å stille utkledd... Då må eg innrøma eg tenkte med meg
at da e jo rett og slett bere DAUD fisk so følje med straumen,
og dar va sterk straum den dagjen vil eg sei... men når so stunda kom til at den beste utkledninga så vannt ingen strilare enn meg! Helge magnus og ei anna jente vann også...
For ein fantatsisk dag!
Bildet viser ein stolt stril som tek imot premien, med poengtavla for "VIndeltrappa opp" i bakgrunn..

måndag 10. september 2007

Bratte fjellsie og "frådande fossefall"...

Kjenner du deg att? Det er sjølvsagt Aurlandsdalen eg skildrar beskrivande i mi overskrift... Onsdag den 5te skulle alle i 2dre, 3dje og 4de på såkalla miljøtur. Vala var i grunn to:

1. Stoltzekleivæ for dei beinskjøre, kolsramma og trygdemissbrukande.
2. Aurlandsdalen på langs frå Østerbø til Vassenden for dei raske, spreke, oppegåande både mentalt og fysisk, dei hardt arbeidande, ærlege og fromme.

Da finnst sikkert dei so trur eg valde nr. 2, og dei har jammi meg rett vener, eg gjekk i denne vetle spektakulære dalen som strekk seg frå Oslo i ast til Bergen i vest.
Oppmøtet frå klasse 2c var overveldande ved både; Helge, Ristesund, Marto, Josefine, Kristin, Camilla og meg. Turen var fantastisk! Utsikten var nyydelig! Ingen tvil om at Gud og isbreane har forma denne vakre dalen med omtanke og omhu...
Me gjekk ved elva heile tida bortsett frå Bjørnepasset, der streifdyr og kvit flogesopp vaks vilt i fjellskrentane.

Ved Sinjarheim, eit lite Soria Moria oppe i dalen, hadde me felles pause der Helge åt ein feltrasjon spagetti, nåken fann mentalt felleskap med sauene, og rektor tok sklitakling på ein noko forfjamsa Ristesund.

Siste delen av turen var prega av mykje synging då Danielsen kristelige mannskor var fulltallig med alle to medlemane. Me slo oss også saman med nokre songglade fjelljenter og sang alle kristne bornesongar me kunne koma på... Sjølvsagt var "misjonæren" med Bjarte Leithaug også sunge, men då av mannskoret åleine. Denne er som de skjønar i repartoaret vårt. Danielsen mannskoret er vel oppegåande og vil snart leggja ut på turnè med Marit og Irene gjennom Norden og videre til Europa og USA.

Då me kom til bussen tok rektor imot oss og gratulerte med vel gjennomført tur. Det hadde vore ein opplevelse av dei sjeldne og eg vel å takke vedkomande som sveiva igong det heile, kven det no enn er!

Takk elles til: Gud, isbreen, Kvikk lunsj, og alle som var med!

Bibelord frå dagen var salme 121:

Eg lyfter mine augo til fjella:
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå Herren,
han som skapte himmel og jord.
Han lèt ikkje foten din vera ustø,
din vaktar blundar ikkje.
Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.
Herren er din vaktar,
Herren er din skugge,
han er ved di høgre hand.
Sola skal ikkje stikka deg om dagen
og månen ikkje skada deg om natta.
Herren skal vara deg frå alt vondt
og verna om ditt liv.
Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid