søndag 28. oktober 2007

Det har satt min sjel i BRANN...

Brann vann altså tippeligaen ette 44 år i ørkenen. Etter å ha vore oppe på fjellets topp, og nede i daudsskuggane sin dal kan dei endeleg liggja i grøne (fotball)enger! Bergensarane er nok litt mindre usindige i kveld enn dei ellers er ja...
Samtidig stussar eg ved ein ting, og det er den fasinasjonen, ja nerast besettelsen mange bergensarar lir av når det er snakk om SK Brann. Besettelsen er farlig, den set seg i hjartene til folk og stenger for Han som står utanfor og bankar... Det er Han som har sett mi sjel i brann!

Dette innlegget er ikkje meint å leggja dempar på vår store siger, og eg vil få nytte anledningen til å gratulera alle fanatikarar med sigeren;)

måndag 15. oktober 2007

Snart skal eg rykkast i sky...



Men ikkje slik du kanskje trur... eg skal bere ut på ei slags "pilgrimsreise", nemlig til min kyrkjefaders heimland; Tyskland! Og då spør du deg vel, kven er min kyrkjefader(som forøvrig burde vera din kyrkjefader også...)? Jo, det er, som vist på bildet under




MARTIN LUTHER!




Martin Luther sat ein dag i sitt tårnkammers og leste i Romarbrevet 8, der det fyrste verset seier" Så er det då inga fordømmimng for dei som er i Kristus Jesus". Då vart det openbera for han at avlatsbreva den katolske kyrkja selde for å fri folk frå skjærselden var vranglære, ja og paven i seg sjølv var vranglæraren sjølv! Dermed stod han opp blant folket og tala Roma midt i mot! Han hengte opp 95 teser mot katolisismen. Dermed vart han bannlyst av paven og "kidnappa" av ein ven for å halda seg vekke frå dei som ville drepa han... medan han sat der oversette han heile bibelen frå latin til daglegdags tysk, slik at lekfolket kunne skjønne og etterkvart lese bibelen sjølv... Martin Luther var munk men gifte seg seinare med ei nonne og dei fekk monge barn, slik seg hør og bør... Han skreiv Den store Katekismen og den Vetle Katekismen, som har vore til rettleiing for alle lutheranarar i all ettertid!


Takk Martin Luther!