onsdag 21. februar 2007

Kor vart pengane tå?

Ja, da e eit godt spørsmål du! Det viser seg nemleg at min økonomiske sans ikkje er heilt på topp for tida... med ein gong eg får løning so auker forbrukjet mitt til eit reint økonomisk inferno verda sjeldan ser maken te. På nokre fattigslege daga er dei fleste bileta tå Edvart Munch og Kristian Birkeland borte vekk! Noken so har furnuftig forklaring på fenomenet?
Her e da nåke muffins ute å går... ugler i pengeskapet...

Dagjens sitat er nokså radikalt i sin utforming. Det vart sag av dåverande formann i Indremisjonsskipnaden Ole Hallesby i ei radiopreik 25. januar 1953:

I kveld står jeg her i Kristi sted, jeg taler sikkert til mange i kveld som vet de er uomvendte. Du vet at om du stupte død om på gulvet i dette øyeblikk, så stupte du like i helvete. Hvordan kan du som er uomvendt, legge deg rolig til å sove om kvelden, du som ikke vet om du våkner i din seng eller i helvete?

søndag 18. februar 2007

Nytt og unyttig



Ja, so de veit so tok me klassebilete onsdagjen, og da vart jo ein knallsuksess! Da e snakk om tidenes klassebilete folkens...


Elles kjem eg nett frå filmlaging på Nordre Toppe Gard, dar mykje tå vår krimfilm vart teken opp på bilder og teip. Ruud kom utkledd i full politiuniform, og stemninga va på topp! har funne ut at om nokre år kjøper eg eit småbruk og starter med sauehald på hobbynivå...






Dagjens dikt:

Gamal diktar prøver seg som modernist

Han fekk hug å prøva
desse nye styltone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kunen endåtil telja sauene til granen.

Av: Olav H. Hauge

tysdag 13. februar 2007

Ver ein levande misjonær!

Når da har seg slek, at rett so da e går eg på skule i bydn, so møte ein både eit og anna i byen sine gatekantar... Monge tenkjer kanskje på den aukande skaren av narkomane og uteligjarar, men nei, eg referera te alle dei religiøse menneska so går rundt og forkynne sitt bodskap; mormonarar og jehovas vitne... fleire gonga har eg møtt dess " falske profetane" so forkynne eit bodskap so hinsides hakkande gale at eg må le høgt og lengje inni meg. Men so tenkje eg, korhenne e dei ekte misjonærane, misjonærane med stor M so forkynne utifrå evangeliet, om den sanne frelse... Kort sagt, korhenne e lutheranarane og pinsevenane so forkynne eit bibelsk bodskap og ikkje henta læresetningar frå mormons bok eller ein halvgalen pastor for 100 år sidan!?

Dei finnst, eg veit da nok. Nyhende om gatemøte frå både byn og Oslo og andre småbyar har nådd også mine øyre, men da e for lite, goa pote, men for lite! Me må skjerpa oss, for om me tenkjer oss aldri so lite om, so er nauda i Noreg minst like stor som i verda utanfor. Det er dermed ikkje sagt at ytremisjonen er ei bra, men det er på tide med større fokus innanfor eigne landegrenser, vera frimodig og gå ut!

Som representant for indremisjonen kan eg skilta med indre forkynnelse i meira enn 100 år, gode tilbod for uteliggjarar og gamle, og god forkynnelse på bedehusa(den siste antar eg provosera noken og einkvar)... Men da e på tide å sjå utanfor eigæ bedehusdør, ut dar folkjet i naud er! Ditta har eg tenkt på mykje i da sista, men for nåken e jo ditta gamalt nytt... men innestengde tonkar må sleppast fri!

Sitat frå "Misjonæren" av Bjarte Leithaug:

" Ver ein levande misjonær der du er!"

Misjonsbefalingen på gamalnorsk:
19 Gakk då ut og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend! Matt 28:19.20 (1938 ovesettjinga)

laurdag 10. februar 2007

Romantikk for ein bonde...

Ja so e da alsto demokratisk avgjerdsla og bestemt; Klasse 1D har valgt temaet "bonderomantikk" te sitt klassebilete so skal inn i årbøkjæ te jubel og glede for alle so kan sjå...
Elles kan kan Generalsekretær i Danielsen song og musikklag melda om stor musikalsk aktivitet i samtlege mattetimar og elles litt i friminutta.

På internettingjæ har Martejentå og Ane starta med vevslogging te stor fryd! Gratulera med da...

Kan også melda om stor skøytegåande aktivitet i Hordvik då storisen no er frose til og det er trygt å våga seg utpå med skeiser og improvisert hockeyutstyr... ha ein god vinter!

Dagjens dikt:

Katten sit i tunet
når du kjem,
snakk litt med katten
det er han som er vardast i garden.

Olav H. Hauge