"Seieren kommer fra vår Gud,
han som sitter på tronen, og fra Lammet."
Johannes får vite at desse har vaska sine kapper og gjort det kvite i lammets blod. Så merkelig, eller kva? Kan ein verkeleg vaske ei kappe i raudt blod, slik at den blir kvit? Kvit er fargen på reinhet, uskuld. Mennesket kan ikkje oppnå denne kvitfargen sjølv, difor har Jesus, lammet, ofra seg for oss, slik at me skal få vaska oss reine i hans blod. Akkurat som Israelsfolket vart redda frå dødsengelens vrede den natta i Egypt fordi dei strauk lammeblod på dørkarmane, skal også me få bli redda frå daudens makt ved Lammets blod. Lammet er uskuldig, men vart dømt alikevell, kun for oss! Dei som står for trona hjå Gud og lovsyng han har tvetta(vaska) sine skjortler i lammets blod. Har du det?
Ja, gjev me med Guds kvite hær
av all vår hug og hått
syng songen ny for Herren kjær
for Jesus,Jesus allheims drott!
NoS 202 v. 4