torsdag 20. november 2008

Kvit som snø

Snø, kva er det med snø? Snøen kjem sjeldant her på vestlandet i våre klimakrisetider, men i dag kom den, og plutselig kom julestemningen også, i november!? Viste du forresten at Jesus sin hårfarge er kvit som snø? Det står i Johannes åpenbaring. Johannes sat på øya Patmos då han fekk åpenbaringen. Han fekk sjå like til himmelen der det stod skarer av kvitkledde folk som priste Gud og sang:

"Seieren kommer fra vår Gud,
han som sitter på tronen, og fra Lammet."
Johannes får vite at desse har vaska sine kapper og gjort det kvite i lammets blod. Så merkelig, eller kva? Kan ein verkeleg vaske ei kappe i raudt blod, slik at den blir kvit? Kvit er fargen på reinhet, uskuld. Mennesket kan ikkje oppnå denne kvitfargen sjølv, difor har Jesus, lammet, ofra seg for oss, slik at me skal få vaska oss reine i hans blod. Akkurat som Israelsfolket vart redda frå dødsengelens vrede den natta i Egypt fordi dei strauk lammeblod på dørkarmane, skal også me få bli redda frå daudens makt ved Lammets blod. Lammet er uskuldig, men vart dømt alikevell, kun for oss! Dei som står for trona hjå Gud og lovsyng han har tvetta(vaska) sine skjortler i lammets blod. Har du det?

Ja, gjev me med Guds kvite hær
av all vår hug og hått
syng songen ny for Herren kjær
for Jesus,Jesus allheims drott!
NoS 202 v. 4








4 kommentarer:

Anonym sa...

Alltid herlig med oppdatering på denne bloggen. Kombinerer budskap og framstilling glitrende.

Ambessa sa...

Hvitt=Glede (ikke uten grunn :))

Miss Wonderhill sa...

eg syns du ska skriva oftere. du skrive så bra å he så mange gode tanka!
dette va fint å lesa.
gla i deg

Jon sa...

Hey, koselig innlegg. Jeg er enig med Miss Wonderhill. Du bør skrive oftere. :) Det er oppbyggende å lese.