laurdag 31. mai 2008

Das deutche Examen ist fahre nach Westen

Tysk eksamenen går rett vest tyder det. Den snøggtenkjande lesar skjønar då at eg har vunne i lotteriet, sjølve jumboprisen, nelmeg å koma opp i tysk skriftleg eksamen. Det går nok rett vest, men det er jo ei trøst i at vår gode kyrkje og lærefader Martin ofte skreiv på dette varke språket.
Blant anna oversatte han NT frå gresk til "folkelig" tysk. 
"Ihr seid das Salz der Erde" Matthäus 5,13a. 
På grunnspråket blir det "De er saltet på jorda!"videre står det: "Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med? Det duger ikkje lenger til noko, utan å verta kasta ut og trakka ned av menneska."
Javell, kven er saltet? Verset er henta frå Bergpreika og blir tala nett etter at Jesus prisar dei salige. Dei salige er oss kristne. Ut frå salighetsprisingane ser me at det ikkje alltid skal vera lett å leva som kristen. "Salige er de når dei spottar og forfylgjer dykk, og lyg allslags vondt på dykk for mi skuld." Forfølgjing er ikkje noko me merkar på kroppen her i Noreg, i forhold til andre stader. Me har ikkje ein stat som jaktar på kristne og set dei i fengsel.. (enn so lenge.)
Her i Noreg har me derimot ein annan stor fiende, og det er lunkenhet. rett og slett. Spørsmålet er, kva vil det seia å vera ein kristen? Undersøkjingar viser at uliknaden mellom kristne og ikkje-kristne kviskrast bort. Mange jublar, også kristne, over slik statistikk. Eg skjemst. Meir og meir ser eg menneske som bekjennar seg kristne når dei er samla i kristne samanhengar, men som absolutt ikkje skal visa at dei er kristne ute blant folk og hedningar.
Skremmande! Kva seier Jesus? jo, "De er verdas salt!" og "De er verdas ljos!" Lyset skil seg ut frå mørket, saltet med kraft skal bevara. Slik skal ein kristen vera.  Ei kristen er annerledes, ikkje av verda men i verda til å gjera gode gjerninga. 
Husk no endeleg det!


529

1. Kvardagskristen vil eg vera, Syn for segn det

krev Guds ord. Samkiang mellom liV og læra,

Det er himmelsong på jord. Som den djupe fj ord kan greia

Spegla himlen høg og blå, Skal ein kvardagskristen spreia

Festglans kring det kvardagsgrå.


2. Kvardagskristen, døypt til yrke, Fødd til kjærleik,

skapt av Gud, Vigsiar heim og hall til kyrkje, Kjøkenkrå

og handelsbu. Mynt og vara får Guds stempel, Fals og fusk

på døri må. Altarijoset i Guds tempel Festglans gjev det

kvardagsgrå.


3. Sjå, der kjem ein sjuk og fattig, Der kjem ein som

spør om råd, Der ein sviken, der ein hatig, - Her er nok for

offerdåd! Lokka smilen gjennom tåra, Så me himmelsk

glans får sjå! Trengsla kring oss får forklåra Festglans i det

kvardagsgrå.


4. Kvardag~knsten vil eg vera, Syn for segn det krev

Guds ord. Samklang mellom liv og læra, Det er himmel-

song på jord. Og når så min kvardagsbunad Skal for himlen

skiftast om, Strålar bjart kring livsens kruna Festglans i

Guds herlegdom.


2 kommentarer:

Ane sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Å, det var akkurat det jeg skulle si Ane.

Ja, men det var kjekt at bloggen din stod opp igjen etter tredje uke...