tysdag 13. februar 2007

Ver ein levande misjonær!

Når da har seg slek, at rett so da e går eg på skule i bydn, so møte ein både eit og anna i byen sine gatekantar... Monge tenkjer kanskje på den aukande skaren av narkomane og uteligjarar, men nei, eg referera te alle dei religiøse menneska so går rundt og forkynne sitt bodskap; mormonarar og jehovas vitne... fleire gonga har eg møtt dess " falske profetane" so forkynne eit bodskap so hinsides hakkande gale at eg må le høgt og lengje inni meg. Men so tenkje eg, korhenne e dei ekte misjonærane, misjonærane med stor M so forkynne utifrå evangeliet, om den sanne frelse... Kort sagt, korhenne e lutheranarane og pinsevenane so forkynne eit bibelsk bodskap og ikkje henta læresetningar frå mormons bok eller ein halvgalen pastor for 100 år sidan!?

Dei finnst, eg veit da nok. Nyhende om gatemøte frå både byn og Oslo og andre småbyar har nådd også mine øyre, men da e for lite, goa pote, men for lite! Me må skjerpa oss, for om me tenkjer oss aldri so lite om, so er nauda i Noreg minst like stor som i verda utanfor. Det er dermed ikkje sagt at ytremisjonen er ei bra, men det er på tide med større fokus innanfor eigne landegrenser, vera frimodig og gå ut!

Som representant for indremisjonen kan eg skilta med indre forkynnelse i meira enn 100 år, gode tilbod for uteliggjarar og gamle, og god forkynnelse på bedehusa(den siste antar eg provosera noken og einkvar)... Men da e på tide å sjå utanfor eigæ bedehusdør, ut dar folkjet i naud er! Ditta har eg tenkt på mykje i da sista, men for nåken e jo ditta gamalt nytt... men innestengde tonkar må sleppast fri!

Sitat frå "Misjonæren" av Bjarte Leithaug:

" Ver ein levande misjonær der du er!"

Misjonsbefalingen på gamalnorsk:
19 Gakk då ut og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend! Matt 28:19.20 (1938 ovesettjinga)

4 kommentarer:

Kamelon sa...

Så sant så sant Bjarte! Du er flink å formulere deg og sette ord på ting, selv om eg ikke akkurat er overbegeistret for bedehus;)
Jehovas vitner liker vi ikke, men de er vel i gatene fordi vi ikke er der? Vi må bli flinkere til å stå å forkynne ut av vinduet på Danielsen, sånn som Sigvart og dies filmteam gjør!=)

Anonym sa...

Bjarte! Likar din blogg altså! Alltid så koslig å lese her! =D
men me talast no i morrå!

Ambessa sa...

tankevekker...

martepåkartet sa...

Interessant Bjarte, og god lesing!
Eg er faktisk fryktelig lei av å treffe på Jehovas vitne på gaten når vi snakker...hmrf!
Eg synes å da var morosamt at du lo høgt inni deg når dei burja å preika til deg...HAHA! eg seeer da føre meg:D
Bra blogg, bra blogg!<3