måndag 31. desember 2007
Hei din sau!
Til dykk alle:
Hugs at Herren er din hyrding i det nye året også!
søndag 28. oktober 2007
Det har satt min sjel i BRANN...
Samtidig stussar eg ved ein ting, og det er den fasinasjonen, ja nerast besettelsen mange bergensarar lir av når det er snakk om SK Brann. Besettelsen er farlig, den set seg i hjartene til folk og stenger for Han som står utanfor og bankar... Det er Han som har sett mi sjel i brann!
Dette innlegget er ikkje meint å leggja dempar på vår store siger, og eg vil få nytte anledningen til å gratulera alle fanatikarar med sigeren;)
måndag 15. oktober 2007
Snart skal eg rykkast i sky...
Martin Luther sat ein dag i sitt tårnkammers og leste i Romarbrevet 8, der det fyrste verset seier" Så er det då inga fordømmimng for dei som er i Kristus Jesus". Då vart det openbera for han at avlatsbreva den katolske kyrkja selde for å fri folk frå skjærselden var vranglære, ja og paven i seg sjølv var vranglæraren sjølv! Dermed stod han opp blant folket og tala Roma midt i mot! Han hengte opp 95 teser mot katolisismen. Dermed vart han bannlyst av paven og "kidnappa" av ein ven for å halda seg vekke frå dei som ville drepa han... medan han sat der oversette han heile bibelen frå latin til daglegdags tysk, slik at lekfolket kunne skjønne og etterkvart lese bibelen sjølv... Martin Luther var munk men gifte seg seinare med ei nonne og dei fekk monge barn, slik seg hør og bør... Han skreiv Den store Katekismen og den Vetle Katekismen, som har vore til rettleiing for alle lutheranarar i all ettertid!
Takk Martin Luther!
måndag 24. september 2007
Ein spenstig fredag litt utanom det vanlige...

måndag 10. september 2007
Bratte fjellsie og "frådande fossefall"...
1. Stoltzekleivæ for dei beinskjøre, kolsramma og trygdemissbrukande.
2. Aurlandsdalen på langs frå Østerbø til Vassenden for dei raske, spreke, oppegåande både mentalt og fysisk, dei hardt arbeidande, ærlege og fromme.
Da finnst sikkert dei so trur eg valde nr. 2, og dei har jammi meg rett vener, eg gjekk i denne vetle spektakulære dalen som strekk seg frå Oslo i ast til Bergen i vest.
Oppmøtet frå klasse 2c var overveldande ved både; Helge, Ristesund, Marto, Josefine, Kristin, Camilla og meg. Turen var fantastisk! Utsikten var nyydelig! Ingen tvil om at Gud og isbreane har forma denne vakre dalen med omtanke og omhu...
Me gjekk ved elva heile tida bortsett frå Bjørnepasset, der streifdyr og kvit flogesopp vaks vilt i fjellskrentane.
Ved Sinjarheim, eit lite Soria Moria oppe i dalen, hadde me felles pause der Helge åt ein feltrasjon spagetti, nåken fann mentalt felleskap med sauene, og rektor tok sklitakling på ein noko forfjamsa Ristesund.
Siste delen av turen var prega av mykje synging då Danielsen kristelige mannskor var fulltallig med alle to medlemane. Me slo oss også saman med nokre songglade fjelljenter og sang alle kristne bornesongar me kunne koma på... Sjølvsagt var "misjonæren" med Bjarte Leithaug også sunge, men då av mannskoret åleine. Denne er som de skjønar i repartoaret vårt. Danielsen mannskoret er vel oppegåande og vil snart leggja ut på turnè med Marit og Irene gjennom Norden og videre til Europa og USA.
Då me kom til bussen tok rektor imot oss og gratulerte med vel gjennomført tur. Det hadde vore ein opplevelse av dei sjeldne og eg vel å takke vedkomande som sveiva igong det heile, kven det no enn er!
Takk elles til: Gud, isbreen, Kvikk lunsj, og alle som var med!
Bibelord frå dagen var salme 121:
Eg lyfter mine augo til fjella:
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå Herren,
han som skapte himmel og jord.
Han lèt ikkje foten din vera ustø,
din vaktar blundar ikkje.
Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.
Herren er din vaktar,
Herren er din skugge,
han er ved di høgre hand.
Sola skal ikkje stikka deg om dagen
og månen ikkje skada deg om natta.
Herren skal vara deg frå alt vondt
og verna om ditt liv.
Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid
søndag 26. august 2007
Jaja, gode haust. Velkomen!
Helsing til dei i statane:
Hello, hello! this is Hordvik calling... Everything is OK! over and ut...
torsdag 19. juli 2007
Kva skjer, og kvifor skjer det på fredag den 13ende...?
Ein regnversmåndag då eg va på Sæbø og slo,
ringte da te meg ein person med store sko(!?)...
Kristian snakka om ei hytte på Seim,
der dei neppe har tuftene grave og sjølv sett huset oppo deim.
Men flott var det no alikevell
endå det vart langt på ettemiddag og kveld,
før dei kom og henta meg ved Hella bedehus.
Huset for Andens sindige sus og dus...
Før eg slapp av garde med dei,
måtte bere bestefar sei:
"Vil de ha lodd? Den nye parkeringsplassen var dyr.."
Ruudane kjøpte lodd frå boka eg dei byr...
Me køyrde om Austreim og heilt til ei blåmalt hytte,
opp stien bar me nokre jordsekkar som sku bli til nytte.
Inne venta det vaflar og nyydelig nyylaga jordbærsyltetøy,
etterpå venta plaistation, kinasjakk, kortspel; da va gøy!
Ute regna da i bøtte og spann,
men me gjekk no bort med bossetendå regnet rann!
da vart ei heilside i gjesteboka frå meg,
håpa innhaldet sømde seg...
Besøken var til endes, dei køyrde meg heim,
men eg vil altid hugsa hyttå på Seim!
fredagjen ettepå va da basar!
da får de lesa om hjå ein annan kar!
www.mountainheap.blogspot.com
søndag 17. juni 2007
Vinglande vilt mellom graver...
Eg er altså ein av desse og ser fram te seks veke med mykje triveleg vedlikehaldsarbeid, plenklipping, og 5 kilometer te og frå jobben på sykkel... For dei som ynksjer det er dei velkomne ut ein tur! Tak me sykkelen, striledialekten og pengar til å leggja att i lokalsamfunnet... Radøy den grøne øya er ei grøn øy vest i Noreg med 4658 innbyggjararog eit ukjend antal skattebetalarar. Øya sin geografiske beliggenhet er laga seg slik at det er mykje sjø kringom, enkelte sjeler vil vel påstå at øya er så godt som omringa av vatn!
Me kan tilby imponerande fiskevilkår i dette høve, samt eit naturlandskap så grønt og fylld med piggtråd so longt auga kan sjå!
Like utanfor Radøy ligg øya Toska, der David Toska stammar frå! vegen ut her er byggd rett ner i sjøen og er fin å gå tur på...
Tak deg ein tur te Radøy i sumar, og du vil muligens ikkje bli skuffa!
Vil nytte høve til å ynskje alle lesarar ein riktig god sumarferie!
torsdag 7. juni 2007
Dikt i de sene aftensunder...
Langt , langt sør i Hordaland,
der vind og sjø slår mot kvite strand.
Litt nord, og bort ein asfaltveg,
der sit Astrid og lengtar etter deg!
For på Nordeneset ligg hennar hus,
Der har ho data, piano og MITT kaffikrus!
Som lita var Astrid sterkt knytt,
til noko som aldri gjer folk snytt.
Nemleg Bedehuset så kjært for folket,
der dei altid har bibelen konservativt tolket.
Astrid fekk seg songbok som liten krabat,
og låg under bordet heima etter middagsmat,
og sang songar ho kjente so godt,
og ho syng endå, riktig så flott!
Ja, stemmen til Astrid er særprega.
Den kan dei mest masette klasserom lega.
For når Astrid rope "Ti still",
då gjer alle som ho vil!
Snakka høgt helst utan varsel i klassen,
Kalle og Birger gjev ho restriksjonar på plassen...
Men flink på skule det er ho absolutt,
Kven veit kor ho kan ende tilslutt?
Astrid blir nok ei god kone for sin mann,
skjønt ho har ikkje endå funne han(!?)
Av kvalitetar er ho god til å lage mat,
diskar opp med orientalsk gryte og salat.
Og so likar ho pølse frå Gilde meieri,
(eller var det slakteri)
det er ivertfall ikkje te å koma forbi,
at ho like pølse slik eg like konditori...
Far til Astrid han køyrer tog.
Og er nok god til å føre dialog,
med småhissige og provoserte passasjera,
so sikkert berre e redd for å kolidera.
Mor Engen lagar Os`beste skillingsboller,
og skrubbar Astrid sine brukte kasseroller.
Astrid, du harotalt forandra mitt syn,
på jenter som ikkje bur midt i byn.
men heller slår seg til ro,
med i FRP-land Os å bo.
og sjølvom eg avogtil kan verke skuffet,
over deg, så føl deg ikkje truffet...
For som eg før har sagt og gjentar i mitt kvad,
du er grei og eg er no i deg likevell glad!
Husk at om Kristkyrkja nokon gong blir for trøtt,
så står Bedehusdøra ALTID på gløtt=)
onsdag 23. mai 2007
Gud sign vår konge god
Tekst: Nikolai Fogtman
Melodi: Jean-Baptiste Lully

onsdag 9. mai 2007
Tvi vøre!
Dikt om strilen og kåna, matte, og fjøskatto
Då strilabonden ikkje fekk te matten,
såg han bort på kåno, og til sist ner på florskatten.
so sa han med ilter stemma;
"ditta talgreiena kan me bere glemma,
me har da bedre på garden med høns og saua,
ja, her ska eg leva te eg daua!
og matten er like velkomen i hus,
so pest, kregd og honnalus!"
Men so ein dag kom sjølvmeldingæ i posten,
dar sto slekt so bonden måtte veta for å ha penga te kosten.
so da va ikkje anna råd enn å sitja seg ner,
med kalkulator, blyant og viskeler.
For å trylla fram skattelette og gode kår,
for heile komande neste år...
Og bonden og kåno, barnæ og florskatten,
dei fekk so att på skatten
at dei levde vidare dar ute i all si ti..
og ser du ein bonde med ny traktor so susa forbi,
so e da nok bere vår helt i sin nye John Deere,
dar han inn te Samvirkelagjet på handling fer...
bakpå i skuffæ sit kåno og katten,
og eg må beint ta av meg hatten...
so du skjøna vel moralen i kvell,
matte er ikkje så dumt alikevell!
og er du ein luring atpåtil,
kan du gjera so bonden om du vil...
Ingen her i dette land,
like godt som strilen leva kan!
Dikt av Bjarte Hetlebakke...
PS: Vil få ære og hylle Indremisjonens songevangelista Marit og Irene for ein velukka aksjon på Sotra! Da e bere goa pote...( for dei so ikkje skjøna utrykkjet so e ditta altså slang for "gode poteter slek dei ville sagt da inne i byn og betyr at nåke e bra... ingjenting e vel betre enn goa pote?)
(når da e sagt so skal snart pot`na i jordæ, og eg har sjølvsagt spadd opp ein åkerlapp på Radøy... Såpote e ordna, so de får følja med på bloggen, so kjem da sikkert bilete og rapport frå jordbrukjet ette kvart ;)
"Jeg skulle ei sørge" er vekas songskatt og kan slåast opp i Sangboken på nr. 350 om eg ikkje tek heilt feil...
tysdag 1. mai 2007
Facebook!? nei...
onsdag 25. april 2007
Gylne tider, våren er komen...
På Radøy, Hella dar besten har gard, har da komen velskapte lam til verda og om nokre få veker kjem dei til å hoppa rundt på bøane i rein fryd over sin nye friheit... Da sama pleie kalvane og kvigena gjera på våren, og eg kan ikkje la ver å tenkja på oss menneske her på jord då.
Me er alle født til ei verd so sjølvsagt kan visa seg frå gode side, men i bunn og grunn er ei vond verd, der mørket rår. Det moralske forfallet står sterkt! Då er det viktig at me som Jesu saue skal hugsa på å følgja vår hyrding.
I johannes 10 står det "14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg, og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene."
La oss som kristne følgja denne gode hyrdingen, so skal me ein gong få fryda oss i glede av å få koma ut frå da mørka fjøset og ut på grøne marker, med evig fred og lys frå Faderen sjølv!
Mulig ditt avart ei litt sær minipreik for dei ekstra saueinteresserte(blant anna meg), men de får tola da!
søndag 8. april 2007
Påskemorgen
gitt hen for våre synder,
står nå med seier i sin hånd,
med ham vårt liv begynner.
Derfor er vår fryd så stor,
i lovsang finner gleden ord,
vi synger: Halleluja!
Halleluja!
2 På jorden fantes ikke én
som kunne døden binde.
Av synd og skyld bar alle mén,
fra første mann og kvinne.
Derfor hersker døden her,
ja, i sin vold han tok enhver,
hvem frir oss fra vårt fengsel?
Halleluja!
3 Her, i vårt sted, har Kristus selv
en utvei for oss funnet!
Han har gjort opp vår syndegjeld,
vår død er overvunnet!
Nå er døden og dens makt
vår Herre Kristus underlagt.
Sin brodd har døden mistet!
Halleluja!
4 Å skjebnestund, da liv og død
i nærkamp tørnet sammen!
Å fryd, da seiersropet lød
og døden stod med skammen!
Dette vitner Skriften om:
at Kristi død ble dødens dom!
Hvor er nå, død, din seier?
Halleluja!
5 Se her det rette påskelam:
Han som på korset døde!
Nå kalles vi til liv ved ham,
han er vår sjeleføde.
På vår dør er strøket blod,
når straffens engel* ser vår tro,
går han forbi** vår bolig.
Halleluja!
[*2 Mos 12, 23] [**Påske betyr "gå forbi", 2 Mos 12,
13]
6 Så feirer vi den høye fest
med hjertens takk og glede.
Av det som var, skal ingen rest
få holde gleden nede.
Nådesolens klare skinn
skal gjennomstrømme sjel og sinn,
nå er vår natt til ende.
Halleluja!
7 Det brød som Herren selv har brutt,
blir rakt oss, ham til minne.
Den gamle surdeigs tid er slutt,
Guds nådetid er inne!
Kristus er det sanne brød,
som styrker oss i liv og død,
ved troen skal vi leve!
Halleluja!
salme av Martin Luther
laurdag 3. mars 2007
Jajaja folkens...
Da har i grunn eg, og kan kort oppsumera:
Leiar på Raknestunet, Nordhordland Indremisjons leirstad der det altid er fryd og jubel!
Idylliske og nasjonal(bonde)romantiske(budde på ein gard) dagar på Radøy den grøne øynæ...
husbyggjing i Lindås, samt grubling og tenkjing øve livet...
Tenkte eg sku laga ei liste over gjeremål i livet på direkte utfordrande oppfordring frå Hanne Kristin min firemenning:
1. Bli gift
2. Skaffa seg tak øve håve
3. Skaffa seg midla te da daglega brød(jobb=)
4. Kjøpa tresnekka
5. Få tresnekko gangbar på sjøen
6. Bli pensjonist og leva det gode liv, lengje nok i landet.
7. Neste stasjon; Himlen"!
Dagjens dikt i ord og tonar:
Hva gjør det så om her på jord,
i hytte eller slott jeg bor.
Er dagen skyull eller klar,
hvor Jesus er jeg livet har!
Halleluja!
onsdag 21. februar 2007
Kor vart pengane tå?
Her e da nåke muffins ute å går... ugler i pengeskapet...
Dagjens sitat er nokså radikalt i sin utforming. Det vart sag av dåverande formann i Indremisjonsskipnaden Ole Hallesby i ei radiopreik 25. januar 1953:
I kveld står jeg her i Kristi sted, jeg taler sikkert til mange i kveld som vet de er uomvendte. Du vet at om du stupte død om på gulvet i dette øyeblikk, så stupte du like i helvete. Hvordan kan du som er uomvendt, legge deg rolig til å sove om kvelden, du som ikke vet om du våkner i din seng eller i helvete?
søndag 18. februar 2007
Nytt og unyttig
Dagjens dikt:
Gamal diktar prøver seg som modernist
Han fekk hug å prøva
desse nye styltone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kunen endåtil telja sauene til granen.
Av: Olav H. Hauge
tysdag 13. februar 2007
Ver ein levande misjonær!
Dei finnst, eg veit da nok. Nyhende om gatemøte frå både byn og Oslo og andre småbyar har nådd også mine øyre, men da e for lite, goa pote, men for lite! Me må skjerpa oss, for om me tenkjer oss aldri so lite om, so er nauda i Noreg minst like stor som i verda utanfor. Det er dermed ikkje sagt at ytremisjonen er ei bra, men det er på tide med større fokus innanfor eigne landegrenser, vera frimodig og gå ut!
Som representant for indremisjonen kan eg skilta med indre forkynnelse i meira enn 100 år, gode tilbod for uteliggjarar og gamle, og god forkynnelse på bedehusa(den siste antar eg provosera noken og einkvar)... Men da e på tide å sjå utanfor eigæ bedehusdør, ut dar folkjet i naud er! Ditta har eg tenkt på mykje i da sista, men for nåken e jo ditta gamalt nytt... men innestengde tonkar må sleppast fri!
Sitat frå "Misjonæren" av Bjarte Leithaug:
" Ver ein levande misjonær der du er!"
Misjonsbefalingen på gamalnorsk:
19 Gakk då ut og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend! Matt 28:19.20 (1938 ovesettjinga)
laurdag 10. februar 2007
Romantikk for ein bonde...
Elles kan kan Generalsekretær i Danielsen song og musikklag melda om stor musikalsk aktivitet i samtlege mattetimar og elles litt i friminutta.
På internettingjæ har Martejentå og Ane starta med vevslogging te stor fryd! Gratulera med da...
Kan også melda om stor skøytegåande aktivitet i Hordvik då storisen no er frose til og det er trygt å våga seg utpå med skeiser og improvisert hockeyutstyr... ha ein god vinter!
Dagjens dikt:
Katten sit i tunet
når du kjem,
snakk litt med katten
det er han som er vardast i garden.
Olav H. Hauge
måndag 22. januar 2007
Snjo inne, snjo ute, snjo i hjarta, snø i sinnet!
Då eg gjekk te mitt arbeid i dag snødde da tett i Hordvik, og da va so fantastisk vakkert! Nasjonalromantikken og patriotismen kvelta over meg og eg følte ei indre glede.. Lukke!
Eg kan allerede no spå ein forhenverande snøballkrig i klasserommet i mårå mylla sterke partar innad miljøet ( indremisjonen mot karismatiske menigheter!)
Kanskje me kan syngja "Snømannen Kalle " te vår klassestyrar(Kalle) som ein hyllest til snøens realitet... TIng so tiæ vil visa seg..
ME snakkas i mårå folkens, i krigjen!
"Norge mitt Norge så sover du tyst, i vinterens bangende anelser"
torsdag 18. januar 2007
Du skal itte trø i graset
Spede spira lyt få stå.
Mållaust liv har og e mening
du lyt sjå og tenkje på.
På Guds jord og i hass hage
er du sjøl et lite strå.
Du ska itte røre reiret,
reiret er e lita seng.
Over tynne bån brer erla
ut sin vâre varme veng.
Pipet i den minste strupe
ska bli kvittring over eng.
Du ska itte sette snuru
når du sir et hara-spor.
Du ska sjå deg for og akte
alt som flyg og spring og gror.
Du er sjøl en liten vek en,
du treng sjøl en storebror.
Av: Einar Skjæraasen
laurdag 13. januar 2007
No har da regna i 70 daga og sju lange og breide dagar!
te og med hordvikveten låg onna vatn... so me e sannlæ heldige so ikkje e daud tå drukningjæ endå... ha ein fortfarande god kveld!
Dagens sang frå bedehusland:
Takk at du tok mine byrder,
eit høgfjell av skuld og av skam,
du bar det på skuldrene dine,
du skuldlause sonofferlam.
PS: Stor oppfinnsomheit og kreativitet på meterologisk institutt har resultert i at stormen som no herjar på Vestlandet er kalla inkje anna enn; Per... Hald på hatten, pass deg for per!
fredag 12. januar 2007
Dikt om Danielsen gymnasium!
Då eg sat meg ner kom ein tanke te meg,
at da å gå på danielsen e nåke for seg!
So monge kloke menneske dar inne,
snille og flotte, men livlig i sindet.
Salmesongjen den lyd so ofta,
men oftast best om eg har på mi lusekofta.
So har me Nils frå sotraen øy;
Han seie støtt "dei ukristlege skal døy!
Ruud har vore i Afrikas land,
Familien hans reiste under ytremisjonens band.
Siggen han vanker i frikyrkjas hus,
dar tale engelskmenn om kristendomens sus og dus!
Ristesund han taler altid med ei røst so klar og høy,
men hans utalelsa reknas ofta for ganske drøy!
Olav er nok den klokaste mann eg har møtt i mitt liv,
å sitja med han gjev min kunnskap ny giv.
Sofie har eg nett nyleg blitt kjend med,
men å vera med henne gjev indre fred, og engla dala i skjul ned.
Ane har eg kjent i monge år,
ja dar e da ikkje nåke salt i gamle sår!
Marte, mi gode navnesyster e so smilande og blid,
HO e blitt ein nynorsk fan, og jogga ute på kveldstid.
Marit frå sotraens øy lika i tremorskyrkja gå,
so når eg snakka om bedehus og songbok blir ho betutta, eller så?
So e da cato aasebø, ein løyen kar,
men han e alikavel i sitt håve klar.
Astrid er ein konservativ sjel,
ho har monge meiningar so lyd vel!
josefine ho kjem frå eidsvågæs bygd,
med to statsborgarskap, burde vel ho søkja beggje om trygd?
tina og adelheid tek toget kvar dag,
til NSB s store velbehag!
so har me to k/camillaer her,
ho eina smila når ho saua ser!
medan teige ho stupa øve pult og møblemang,
og er lett med på haiku eller bedehus-sang!
henrik han søv støtt og stadig,
hjå haldis e han oppført nokså radig!
alexander kjem frå nordhordaland,
men vil helst ikkje røpa da te nåken mann!?
mine vers og rim slutta her og nu,
resten av klassen kan vente i grøss og gru!
håpa de finn glede i dikt verdas lukkerus,
so snakkas me på hordvik bedehus!
so håpa eg de får ein fin kveld,
måtte herrens velsigning lysa øve gard og prestegjeld.
måndag 8. januar 2007
Dagens ordtak:
Sitat:"Hell i uhell, uhell i kjærleik." sitat slutt. No fekk du nåke å tenkja på tenkje eg!
ha ein fortfarande god kveld...
søndag 7. januar 2007
Nytt år, ny blogg!
Håpar de får eit godt nyttår, og kan leve lengje nok i landet te å nyta min og andre menneske sin blogg!
Ordet blogg fell e grådigt løye å bruka forresten... noken som har forslat te betre namn?